Vestlandsnytt - Framleis att millionar av tonn med kalk.pdf

Download Report

Transcript Vestlandsnytt - Framleis att millionar av tonn med kalk.pdf

VESTLANDSNYTT
6
FREDAG 27. JUNI 2014
VESTLANDSNYTT
FREDAG 27. JUNI 2014
7
Havyard-aksjar kan
handlast frå 1. juli
Tysdag 1. juli opnar det seg
mulegheiter for folk flest til
å kjøpe seg inn som eigarar
i Havyard Group. Då går selskapet på børs etter at Oslo
Børs sine krav for notering
på hovudlista er innfridde.
Jann Flatval
[email protected]
* Dagleg leiar Kjetil Knotten og produksjonsleiar Ivar Dyrhol - her i den delen som tidlegare heitte Saude kalkverk.
* SÅ KALKSANDSPRUTEN STÅR. Geolog Helge Rushfeldt tek prøver av kalken. (Foto: Breivik Kalkverk)
Kalkreservane djupt nede
i berget er store, og ferske
prøver syner at reservane
held same gode kvalitet
som før. Dei lovande funna
gjer at Breivik Kalkverk får
betre grunnlag for å stake ut
kursen for framtida.
seier Kjetil Knotten til Vestlandsnytt.
Framleis att millionar av tonn med kalk
Endre Vorren
[email protected]
Vestlandsnytt møter styreleiar
Jan Kjetil Paulsen, dagleg leiar
Kjetil Knotten og produksjonsleiar Ivar Dyrhol i det området
som går under namnet Sponga,
eit par hundre meter innafor
administrasjonslokala til Breivik Kalkverk.
Her har selskapet Heistad
Brønnboring akkurat avslutta
prøveboringane fleire titals
meter ned i grunnen, ikkje så
langt frå sjøkanten.
Vi spør kva resultatet av prøveboringane syner.
– Det er for tidleg å konkludere før dei er analyserte og
gjennomarbeidde. Men du kan
no sjå, smiler Kjetil Knotten og
syner nokre sekkar med ferske
prøver.
Kritkvit og rein sand lyser
imot oss frå sekkane. Kvaliteten er prima.
Den relativt ferske sjefen på
kalkverket fortel at Breivik
Kalkverk har geologiske undersøkingar frå 1997 som har avdekka kalkreservane. Så det er
ikkje nytt for bedriftsleiinga at
Sponga-området skjuler store
mengder.
– Nye krav til dokumentasjon frå mineraldirektoratet
gjer at vi no gjennomfører ei ny
og meir nøyaktig kartlegging,
forklarar Knotten.
Ny leiing og nytt styre
2013 vart eit litt spesielt år i
Breivik Kalkverk si historie. Ikkje berre skjedde det eit skifte i
leiinga. Også på styresida vart
det ein liten revolusjon, der ein
ny generasjon med utspring frå
Breivik-familien har teke over
styringa. Jan Kjetil Paulsen er
i spissen for styret, som saman
med Knotten og hans folk stakar ut kursen på nytt.
– Eg kom hit i oktober i fjor
haust, og det første som skjedde var at vi opplevde to havari
på tekniske anlegg. Første tida
dreia seg difor om å få hjula til
å gå, og å halde på kundane,
Den opprinnelege planen
ville ha gitt Havyard Holding
530 millionar i kassa, men så
høg prising av selskapet var
marknaden ikkje muleg å få til
i dagens kapitalmarknad.
Kjøparane av Havila Holding sine introduksjonsaksjar
er i all hovudsak å finne innafor den institusjonelle klassen.
Berre 19 prosent av aksjane er
tildelt øvrige investorar.
Som ein følgje av tilbodet er
det venta at Havyard kjem til å
få meir enn 900 aksjonærar, og
følgjeleg vil Oslo Børs sitt krav
om speiing av aksjane vere innfridd.
I børsmeldinga heiter det at
salet av Havyard-aksjane er
venta å starte 1. juli under handelssymbolet «HYARD».
Står på fleire bein
Bergverkstradisjonane i Breivika og på Saude er stolte og
lange. Sidan 1800-talet har det
vore drift her. Produktspekteret har variert, og også dei
seinare åra har det vore skiftingar.
– Eg vil dele dagens drift inn
i tre. Det eine er kalksanden
som i stor grad går til dyrefor.
Det meste av dette vert utskipa
ved kaia vår. Det andre er ulike
steinblokker, hovudsakleg forskalingsstein. Det tredje store
feltet er støttemurane som vi
produserer på lisens frå amerikanske Recon, opplyser Kjetil
Knotten.
Borte dei seinare åra er produkt som glasopor, og i tillegg
er fasadestein meir eller mindre ute av bildet.
Gurskingen som bur på Sula
jobba ein priode på Breivik
* Geolog Helge Rushfeldt,
Roy Hansen fra Heistad
Brønnboring og Ivar Dyrhol
studerer kvaliteten.
Kalkverk på 90-talet, men
elles hadde 37-åringen inga
erfaring frå bergverksdrift.
Støttemurar i vegbygging
– Det har vore mykje nytt å
setje seg inn i. Vi er ein fin
gjeng på åtte personar som
arbeider her, og først no har
vi fått litt rom for å tenkje
meir på produktutvikling,
forklarar han.
Ein mild og nedbørsfattig
vinter gjorde produksjonsforholda gode, slik at ein kunne
ta unna etterspurnaden.
– Recon støttemurar opplever fin etterspurnad både
på den private og etterkvart
også offentlege marknaden.
Recon har fått innpass i
Statens Vegvesen sine produkthandbøker innan vegbygging, så vi håpar å kunne
levere våre smarte og fleksible løysingar med støttemurar også til større veganlegg
etterkvart, seier Knotten.
– Nye steinprodukt skal
også vere i støypeskeia om
ikkje så lenge,avsluttar han.
* Produksjonsleiar Ivar Dyrhol syner fram ein neve med kvit og
rein kalksand som er henta opp frå 35 meters djupne.
Onsdag gjekk det ut børsmelding om at Havyard Group
hadde gjennomført eit vellukka
nedsal i samband med søknaden om notering på Oslo Børs.
Grunnlaget for børsintroduksjonen er 4,2 millionar aksjar
som familieselskapet Havila
Holding, som er skipsteknologi-
selskapet sine hovudaksjonærar, har selt til ei brei gruppe
av internasjonale og norske
investorar til ein pris på 33,50
kroner pr. aksje.
Denne prisen verdset Havyard Group til 754 millionar
kroner, som er betydeleg lågare
enn den verdsettinga på 1,1
milliard kroner som eigarane
håpte å oppnå med å gå på
børs.
Prisreduksjonen fører også
til at Havila Holding ikkje vil
selje seg så mykje ned som
planlagt frå starten av. I staden
for å redusere eigarandelen til
33,34 prosent, vil Havila Holding no behalde 63,5 prosent
av aksjane og følgjeleg få inntektene av nedsalet avkorta til
140,7 millionar kroner.
* Dagleg leiar Kjetil Knotten
framfor store mengder leveringsklare støttemurelement,
og administrasjonsbygget.
* Handlekraftig team: Administrerande direktør Roar Stenersen og Gründer Leif Gjelseth i Havyard
Fish Handling & Refrigeration (tidlegare MMC) ser fram til å halde fram det gode teamarbeidet for
å styrke selskapet sin posisjon som ein internasjonalt leiande leverandør av utstyr for handtering og
kjøling av sjømat til fiskebåtar, brønnbåtar og landanlegg. (Foto: Siv Nærø)
Ny leiar i Havyard Group
Roar Stenersen er tilsett
som administrerande direktør i Havyard Fish Handling
& Refrigeration. Stenersen
erstattar Leif Gjelseth som
går over i ei stilling som
leiar av sal og forretningsutvikling i Havyard Fish
Handling & Refrigeration.
Den pågåande prosessen
med børsnotering av Havyard
Group har gjort det naturleg å
sluttføre integreringa av tidlegere MMC og Havyard Group
har difor kjøpt minoritetsaksjonærane sin andel i Havyard
Fish Handling & Refrigeration
AS (med Leif Gjelseth som største aksjonær) og eig no selskapet 100 prosent
Sidan Havyard Group kjøpte
aksjemajoriteten i MMC Tendos Holding i 2012 har det pågått ein kontinuerleg prosess
med integrering av selskapet
sine aktivitetar i Havyard
Group.
I samband med oppkjøpet av
MMC blei det oppretta eit nytt
forretningsområde i Havyard
Group som skulle ha ansvar for
utstyr for handtering og kjøling
av sjømat om bord innan fiskeri
og oppdrett. I mars i år blei det
beslutta å endre namnet på selskapet og forretningsområdet
frå MMC Tendos Holding AS til
Havyard Fish Handling & Refrigeration AS.
Trur på Havyard
Leif Gjelseth, Gründer og tidlegare hovudaksjonær i MMC
Tendos Holding har stor tru
på Havyard Group og Havyard
Fish Handling & Refrigeration
si rolle i konsernet. Gjelseth
har difor gjennom sitt selskap
Erle Invest kjøpt eit betydeleg
antal aksjar i Havyard Group
ASA.
– Då eg selde majoriteten av
aksjane mine i MMC til Havyard Group i 2012 var det med
trua på at eit tettere samarbeid
mellom MMC, som leverer løysingar til handtering av fisk og
Havyard som designer og byggjer fiskebåtar, ville frambringe
produkt som var betre enn det
vi hadde moglegheit for i eit
typisk kunde- og leverandørforhold. Sidan den tid har vi jobba
med produktutvikling, integrering og uthenting av synergiar
og eg meiner vi er på god veg
til å oppnå desse målsettingane. Eg har stor tru på at vi
skal halde fram denne positive
utviklinga i Havyard Group .
Difor nytta eg høvet til å kjøpe
Havyard-aksjar i samband med
børsprosessen, seier Gjelseth.
Roar Stenersen, har sidan oktober 2013 vore dagleg leiar i
dei to produktområda i Havyard Fish Handling og Refrigeration og har hatt det operative
ansvaret for drifta. Stenersen
var difor eit naturlig val som
erstattar for Gjelseth når han
no går over i ny stilling. Styret
har med umiddelbar verknad
tilsett Stenersen som Executive Vice President for Havyard
Fish Handling & Refrigeration
AS. Han overtek også Gjelseth
si rolle i konsernleiinga i Havyard Group ASA.